Framsida

Om prosjektet

Med pensjonistlivet rett framfor meg er det naturleg (og viktig) for meg å finne ut kva eg skal bruke tida til framover. På bakgrunn av interessene mine for geografi, tur og norsk natur har eg konkludert med at delar av tida skal brukast på eit prosjekt eg kallar Mot toppen.

Kva er poenget?

Dei viktigaste måla mine er å

  • bli kjent med heile landet
  • få gode tur- og naturopplevingar, gjerne saman med andre
  • halde ein aldrande skrott i gjenge
Korleis?

Desse måla skal eg nå ved å gå mot det høgste punktet i alle norske kommunar, slik kommunekartet er i år. I dei fleste tilfella skal eg heilt til topps, men prosjekttittelen Mot toppen indikerer at eg gir meg før toppen m.a. der det er behov for klatring, som Store Skagastølstind, eller der høgdeskrekken min tar overhand.

Turane blir gjennomført på sommarføre og naturlegvis over fleire år - kor mange år det blir, er usikkert. Aldri skal eg på meir enn éin topp pr. dag.

I 2026 skal konseptet testast, så kanskje blir det ikkje så altfor mange turar i år (også fordi eg ikkje er fulltidspensjonist enno). Men starten skal gå i juni, i den kommunen der barndomsheimen min ligg, Haram, lengst nord på Sunnmøre. Slutten - om mange år - er tenkt lagt til Oslo, her som eg bur no.

Bli med på tur

Eitt av måla mine med prosjektet er å få gode turopplevingar, og delt glede er som kjent dobbel glede. Difor vil eg sette stor pris på det om nokon har lyst til å bli med meg på tur, nye eller «gamle» kjende og ukjende. Merk at turane blir gjennomført i moderat tempo!

Og så er det på mange av turane - alle dei turane eg ikkje kjenner frå før - eit klart pluss å få med folk som har gått turen før, både for å redusere risikoen og for å gjere turen meir interessant.

Informasjon om turar blir lagt ut på turdelen av denne nettsida etter kvart som turane nærmar seg, og eg legg då også ut kort informasjon på fjesboka.

Her på nettsida er det ein påmeldingsknapp for kvar tur, og det er fint om den blir brukt - ofte er det greitt å vite på førehand om eg må planlegge å ta turen åleine eller ei. Men det er også hyggeleg om nokon stiller opp sjølv om dei ikkje har meldt seg på.

Merk at dette ikkje er organiserte turar i formell forstand; kvar og ein deltar eventuelt på eige ansvar.

Støtteapparatet

Prosjektet mitt hadde neppe blitt noko av utan godt støtteapparat, og i alle fall hadde det ikkje blitt det same. Størst takk i planleggingsfasen går til dei gode borna mine, Sondre og Kristina, som begge har vore gode inspirasjonskjelder og rådgivarar. Mellom anna er Sondre mannen bak denne nettsida. I tillegg har familien elles, vener, kjende og halvkjende vore oppmuntrande til konseptet. Men - alt som måtte vere negativt med konseptet, slik som kommafeil og dårleg språk, er uansett mitt ansvar åleine.

Kven er eg?

Det er sjølvsagt ikkje så viktig, men eg tar med ei svært kort livshistorie, slik at dei som trur at dei kanskje kjenner meg og har lyst til å bli med på tur, skal få nokre hint å gå etter:

Bjørn Ståle Tennfjord, 1959-modell, barneår på Vatne nord på Sunnmøre, gymnas i Volda, militærteneste på Steinkjersannan og i Åsegarden, student i Bergen og jobb (stort sett) i Oslo.