
Varigheit
7 t 55 min
Distanse
17.1 km
Høgdemeter
1001 m
Platå-tur
Trongedalsnuten er det høgaste punktet på Storrfjellet, eit høgfjellsplatå mellom dei to vakre dalføra i Åmli, Tovdal og Gjøvdal. Turen er lang, med bratt oppstiging frå og nedtur til Gjøvdal, men ikkje fullt så lang som frykta. Stort sett god merking. Turen var uvanleg vakker og roleg - vi såg ingen andre på dei nesten 8 timane vi var på tur. Rundturen på platået, der Trongedalsnuten ligg lengst mot vest på den runden, gjekk greitt, men "platå" er ikkje heilt dekkande, det var ein god del opp og ned, og til dels bratte kneikar. Og Åmli kommune har i alle fall markert det høgste punktet på verdig vis - sjå bilete. Åmli er på mange vis ein typisk innlandskommune, med stort areal (nr. 98) og nokså langt mellom innbyggjarane; med sine om lag 1 800 åmlingar er kommunen så vidt mellom dei 300 største. Kommunen har ein del kraftinntekter, men mange kjenner vel best til Nelaug stasjon på Sørlandsbanen/Arendalsbanen, som så vidt er innanfor kommunegrensene. Det færre veit er at det fram til 1968 gjekk tog også nord-sør her - Treungenbanen frå Arendal til Nissedal gjekk her, og var grunnlaget for at Åmli sentrum vaks fram rundt stasjonen. Det er kanskje heller ikkje så mange som veit at kommunen husar det visstnok mest moderne sagbruket i Skandinavia (Bergene Holm). Og for dei kulturelt interesserte; Hillestad Galleri i Tovdal er absolutt vel verd ein visitt. Fun fact: Beveren (ref. kommunevåpenet) er sentralt for Åmli, eller kanskje heller omvendt; Åmli var sentral for beveren: Hadde det ikkje vore for innsatsen til to framsynte åmlingar på første del av nittenhundretalet, er det stor risiko for at den eurasiske beveren hadde blitt utrydda. Med basis i bestanden på nokre titals individ i Tovdals- og Nidelva, klarte dei å snu trenden, og etter kvart eksporterte dei bever til mange europeiske land.
Turbilete
Attraksjon
