
Varigheit
2 t 5 min
Distanse
9.6 km
Høgdemeter
242 m
Don Quijote på tur?
Raskiftet er eit fjellområde i grenseland mellom tre kommunar, Elverum, Trysil og Åsnes. Det høgaste punktet på fjellet ligg i Åsnes, så eg var både der og litt lengre sør, på grensepunktet mellom dei tre kommunane. Punktet var markert, men det var ingen sti inn til det, slik at litt finorientering måtte til. Turen var elles svært enkel - det aller meste vart tilbakelagt på anleggsvegane til vindturbinane i området. Startpunktet var ved skiltet inn mot driftsbygget til vindparken. Og eg synest at turen var svært fin i godt seinsommarvêr. Raskiftet er også namnet på eit vindkraftverk her, det første større vindkraftverket etablert i innlandet (2018, men ikkje det einaste no lenger). Men eg hadde ingen ambisjonar om å gjere som Don Quijote :-) Elverum er ein av dei større kommunane i landet - nr. 87 etter areal og rundt nr. 60 etter folketal, med sine rundt 22.000 elverumsokningar. Elverum har hatt ein nokså jamn auke i folketal heile etterkrigstida, i stor grad er dette takka vere aktiviteten til Forsvaret (til og med eg har vore på heimevernsøving på Terningmoen), Sjukehuset Innlandet og Universitetet i Innlandet. Men historisk sett er kommunen prega av jord- og særleg skogbruk, og passande nok er Norsk Skogmuseum lokalisert her. Og vi kjem ikkje utanom litt krigshistorie - det var på Elverum Folkehøgskole at kong Haakon ga sitt nei til dei tyske okkupantane 9. april 1940. Fun fact: Ein pioner for norsk songkultur for born vaks opp i Elverum. Margrethe Munthe hadde nok ein livat oppvekst i ein søskjenflokk på 13!
Turbilete
Attraksjon
