
Varigheit
4 t
Distanse
11.7 km
Høgdemeter
725 m
Nasjonalparktur
Turen til Elgåhogna går for det meste i Femundsmarka nasjonalpark, så her var det ekstra viktig å ferdast med respekt for naturen. Turen var litt krevjande med tanke på lengde og høgdemeter, men terrenget var svært greitt. Håpet om vidt utsyn frå toppen, m.a. over heile Femunden og langt inn til naboane våre i aust, vart gjort til skamme av lavt skydekke/skodde, men ikkje så tett at det var problematisk å gå, m.a. p.g.a. tydeleg sti og god merking. Men på min 29. tur i prosjektet fekk eg for fyrste gong smake på ein del regn, men det ga seg tidleg på returen. Flott natur var det, og særleg stor oppleving var det å kome nokså tett innpå ein flokk med flotte reinsdyr på Hammarvollen, kort før målgang (utan at eg uroa dei noko særleg). Engerdal er, som mange av nabokommunane, av dei større etter areal, som nr. 28 i landet. Når kommunen på same tid har berre knapt 1.300 engerdøler (rundt nr. 315 i landet), får kvar av dei nokså godt armslag: Det er berre 11 kommunar i landet som er tynnare folkesett enn Engerdal. Jord- og skogbruk har vore viktiga næringar også i denne innlandskommunen, men i tillegg har fiske spela ei viss rolle - så godt som heile Femunden (tredje største innsjøen i landet) ligg innanfor kommunegrensene. Den sørlegaste busettinga av reindriftssamar i landet finn vi i Engerdal, og reinen er ofte eit vakkert syn på og langs vegane nord i kommunen. Fun fact: Små kommunar kan også få fram store heltar - Gjermund Eggen var engerdøl. Han vart på mange måtar den første superhelten i landet, etter at han i VM på ski i 1966 sanka med seg tre gullmedaljar. M.a. førte populariteten hans til at namnet Gjermund på norske gutar i tida etter VM vart om lag tidobla frå "normalen". Og frå den same vesle grenda, Hylleråsen heilt sør i kommunen, kom ein del år tidlegare ein annan som sette klare spor etter seg på sitt område: Egil Andersen Hylleraas, professor i teoretisk fysikk.
Turbilete
Attraksjon
