Flesebekkble
Tilbake
Flesberg kommunevåpen

Flesberg · Buskerud

Flesebekkble

1270 moh.

Laurdag 8. august 2026kl. 08:00

Varigheit

7 t 15 min

Distanse

20.2 km

Høgdemeter

926 m

Blefjell rundt (?)

Turen til Flesebekkble er ein nokså lang tur frå Nordstul P via Sudstul og Storevatn. Og "Blefjell rundt" er å overdrive, men mykje av Blefjell fekk eg sett. Opp Rupeskardet mot Storevatn er turen nokså krevjande, utan sti og med ein del krattskog. Men i hovudsak var det fint turterreng på ruta. På toppen konkluderte eg med at eg ville forlenge turen litt, med ein rundtur som ga eit endå betre inntrykk av Blefjell, eit område eg har testa før og som er svært tiltalande. Det var absolutt verdt det! Flesberg er den sørlegaste "reine" Numedalskommunen, nord for Kongsberg, vest i Buskerud. Kommunen er nr. 193 etter areal og om lag nr. 240 etter folketal, altså ein litt under middels stor kommune. Kommunevåpenet har to tømmerklavar (reiskap for å måle diameteren på tømmer) som symbol på skogbruket i kommunen. Jordbruk har også vore viktig, og etter kvart er kommunen blitt ein stor hyttekommune. Og skiinteressa mi gjer det naturleg å nemne at verdsmeister i hopp (stor bakke i Seefeld i 1985 og lagkonkurranse i Oslo i 1982) Per Bergerud er frå Flesberg, han representerte Svene IL. Fun fact: Administrasjonssenteret i kommunen er Lampeland, og namnet illustrerer kor merkeleg språkendringar kan vere: Namnet er etter ein gard som vart utleigd, og ein som leigde slike gardar vart kalla landbu. Namnet på garden vart dermed Landbuland, som seinare har blitt omforma til Lampeland.

Turbilete

Attraksjon

Flesebekkble — Flesberg | Mottoppen