Napuren
Tilbake
Fyresdal kommunevåpen

Fyresdal · Telemark

Napuren

1283 moh.

Torsdag 30. juli 2026kl. 10:00

Varigheit

3 t 40 min

Distanse

8.5 km

Høgdemeter

508 m

Merking til topps

Fyresdal ligg heilt sørvest i Telemark, og Napuren er nordvest i kommunen, på grensa mot Valle og Tokke (og ikkje Vinje, som det står i ut-linken til turen). Vi er i fjellområdet som blir kalla Austheiane (aust for Setesdal). Turen vår var merka heile vegen, så slik sett vart dette enkelt. Men turen tar lengre tid enn det som står i ut-linken - to timar må vere berre eine vegen. Fyresdal er, som så mange innlandskommunar, nokså stor, nr. 78 i landet. Men med berre knapt 1.300 førsdølar, er det berre om lag 40 kommunar som har færre innbyggjarar. Og denne kombinasjonen gjer at Fyresdal er den tynnast folkesette kommunen i Telemark. Jord- og skogbruk har tradisjonelt vore dei dominerande næringane, men etter kvart har det også vakse fram verksemder retta mot turistane. Og - noko som ikkje er særleg stas for Fyresdal, men dette er heimkommunen til Vidkunn Quisling. Og Fyresdal har noko som i alle fall overraska meg - eigen flyplass. Denne vart etablert i 1967, men utan at bruken av flyplassen har tatt heilt av. Fun fact: Ved siste kommuneval var det ikkje akkurat eit rikt mangfald av lister å velje i - berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet stilte opp.

Turbilete

Attraksjon

Napuren — Fyresdal | Mottoppen