
Varigheit
3 t 35 min
Distanse
7.5 km
Høgdemeter
567 m
Island neste
Den andre turen gjekk heilt ute mot storhavet, til Storhornet i Giske kommune. Dette er nabokommunen til Ålesund, nord og vest for Ålesund sentrum. Øyane Giske, Valderøy, Vigra og Godøy utgjer mesteparten av kommunen, og fjellturen gjekk til topps på sistnemnde. Ein fantastisk fin tur vart gjennomført stort sett etter planen, med rundtur rundt Alnesvatnet og over Storhornet, i tillegg til den litt bratte opp- og nedturen frå Alnes til vatnet. Greitt vêr mesteparten av tida, sjølv om det kunne ha vore klarare sikt, og sjølv om det tidvis var lett regn og litt vind. Løypa var for det meste godt tilrettelagt, med trappetrinn opp til Alnesvatnet og steinsett trassé i myrlendt terreng. Island såg eg ikkje noko til, men det var sikkert p.g.a. litt dårleg sikt :-) Høgdepunktet utanom naturopplevinga var at eg fekk ein hyggeleg prat med ein israelsk turist, som hadde blitt så glad i området at ho har vore på besøk her kvart år over ein lengre periode. Dette er ein del av dei gratis bonusopplevingane ein får på tur. Etter turen nytta eg høvet til ein fredeleg spasertur i og rundt Alnes. Giske er som sagt ein øykommune, og dei er ofte mellom våre minste - så også for Giske: Berre sju andre kommunar har mindre areal. Men det er relativt mange som bur her - om lag 9.000, altså ein middels stor norsk kommune målt slik. Vigra Lufthavn Ålesund er nok det kommunen er mest kjend for, men også dei undersjøiske tunellane var på sitt vis spektakulære då dei vart bygd på 80-talet. Og Giske er rik på historie, m.a. var Giskegodset ein viktig maktfaktor på Sunnmøre i dansketida. Og før det igjen, vil mange ha det til at Gange-Rolf vart fødd i det som i dag er Giske. Fun fact: Berre éin gong i historien har alle fire dommarane i ein eliteseriekamp i fotball kome fra den same klubben - og det er frå IL Valder (Valderøya)!
Turbilete
Attraksjon
