
Varigheit
4 t 10 min
Distanse
12.1 km
Høgdemeter
471 m
Forbi høgste toppen
Turen i Gjerstad gjekk til lia opp mot Solhomfjell i Nissedal kommune i Telemark, litt lengre enn til Marisheia, som er høgste toppen, men altså ikkje det høgste punktet i Gjerstad. Første turen min på Sørlandet vart ein relativt lang tur i svært godt terreng og med god tilrettelegging (takk til Havrefjell Turlag). Delvis var det også ein rundtur, med mesteparten av turen i eit naturreservat. Vêret var topp; sol og varme, men nok vind til at det ikkje vart for varmt. Og det første badet i prosjektet vart gjennomført rett nord for Marisheia. Eit lite prosjektjubileum var det også, med Gjerstad som den 10. kommunen. Og - kanskje overraskande for mange som berre tenkjer på kyst- og båtliv når det er snakk om Sørlandet - dette var så langt den største tur-opplevinga i prosjektet - alt stemte! Området er vel verd å avlegge ein visitt! Gjerstad er av våre mindre kommunar, både etter areal (nr. 256) og etter folketal - om lag 2.500 gjersdølar gir faktisk om lag same plassering på lista. Kommunen ligg heilt aust i Agder, nesten som eit lite innhogg i Telemark. Dei fleste kjenner nok til Gjerstad gjennom næringsområdet på Brokelandsheia ved E18, og kanskje spesielt Den lille dyrehagen (som fekk ekstra fokus i 2023 p.g.a. kenguru på frifot). Fun fact for Gjerstad er nytt for meg: Den største norske matematikaren gjennom alle tider hadde barndomen sin her; Niels Henrik Abel vaks opp som presteson i Gjerstad.
Turbilete
Attraksjon
