
Varigheit
3 t
Distanse
10.7 km
Høgdemeter
331 m
Kvar er toppen?
Det høgaste punktet i Gjøvik ser på kartet ikkje ut til å vere ein topp, men det viste seg likevel å vere ein liten kul i terrenget sør-aust for toppen av Ringsrudåsen, som ligg i Nordre Land. Starten på turen gjekk frå Snertingdalen, på skogsbilveg første og lengste delen. Men turmålet er nok lite brukt (ingen merking, ingen tydelege stiar på slutten), så då var det orientering som var tingen. Ein flott tur i ditto sommarvêr vart det i alle fall. Gjøvik er "hovudstaden" i Vestoppland, også kjent som "den kvite byen ved Mjøsa". Kommunen er middels stor målt etter areal, men nokså stor etter folketal - med vel 31 000 innbyggjarar er det berre 34 norske kommunar som har fleire. Fun fact: Mange har nok fått med seg at Mustad Fabrikker har vore sentrale i Gjøvik si industrielle historie, først og fremst som fiskekrokprodusent. Men få har vel fått med seg at dei har hatt meir enn 60 000 variantar av fiskekrokar i produksjon!! Sjekk O. Mustad & Søn på Wikipedia for fleire detaljar om ei svært spesiell industrihistorie.
Turbilete
Attraksjon
