
Varigheit
6 t 15 min
Distanse
8.2 km
Høgdemeter
853 m
Min første fjelltur - i repetisjon
Prosjektet tar til der eg starta livet - i Haram kommune lengst nord på Sunnmørskysten (sjølv om dei første 5-6 åra mine var i det som då var Vatne kommune). Blåskjærdingen ligg lengst aust i kommunen og er grensefjell mot Romsdals-kommunen Vestnes. Etter offisiell prosjektopning, la eg saman med mine næraste i veg ved godt mot, sjølv om vêret var litt utrygt med tåke i høgda. Tåka vart etter kvart ein nær ven på turen, av varierande trykk, men aldri slik at det vart utrygt (god merking kombinert med lokalkunnskap). Ruta vi gjekk er den mest brukte til topps, nokså jamnt stigande frå start til mål, først i skogsterreng, men mesteparten på snaufjell, med ein del steinete terreng På toppen vart det markering av at første målet for prosjektet vart nådd, og i slik ei stund kan til og med ein sunnmøring sette pris på produkt frå Romsdalen, i form av Syltes pære- og ananasbrus :-) Apropos på toppen - dette er eit av dei høgdepunkta eg ikkje kjem heilt opp på; det vanlege endepunktet for turen ved varden er 5 meter lågare enn på eggen nordover derifrå, og høgdeskrekken min toler ikkje slikt. Nedturen vart på sett og vis ein liten nedtur også i overført tyding - her må det meir trening til enn det ein får med korte turar i Oslo-marka. Men likevel vart dette ein topp topp-tur :-) Haram er elles ein middels stor kommune etter norske forhold, med knappe 10.000 innbyggjarar. Det er mange fine turmål her, noko som vekte turinteressa hos meg i tidleg alder. Det første fjellturminnet eg har, er familietur til nettopp Blåskjærdingen, truleg sommaren eg var 6 eller 7 år. Og etter det har det blitt mange turar opp her, både på barmark og snø, og påsketurane på ski er av dei beste turminna mine. At eg har hatt mange turar hit før, illustrerer eitt av poenga med prosjektet mitt; gamle turar blir ikkje rekna med, alle 357 turane går heretter. Liten fun fact om Haram til slutt: Dette er den einaste kommunen som har vorte skild ut etter kommunesamanslåingane i 2019; Haram gjekk etter fire års ekteskap ut frå Ålesund. Og difor blir det altså 357 turar til saman, ikkje berre 356 :-) Og Haram er kanskje mest kjend dei siste åra for kampen mot vindmøller, det var mykje strid, men enden på visa er at no har møllene stått på Haramsfjellet (lengst vest i komunen) nokre år. Attraksjonen eg har plukka ut i Haram, er eit vakkert, lite fenomen nær første del av turen mot Blåskjærdingen, ein badeplass i ei lita elv. Og dette seier også noko om kulturendringar - trass i at dette er i nærleiken av der eg vaks opp, høyrde eg aldri om dette i oppveksten eller tidleg vaksen alder. Dette var jo ikkje eit nyttig fenomen, men derimot særeigent og vakkert, og det har difor blitt løfta fram først i nyare tid.
Turbilete
Attraksjon
