Sollia
Tilbake
Herøy (Møre og Romsdal) kommunevåpen

Herøy (Møre og Romsdal) · Møre og Romsdal

Sollia

661 moh.

Søndag 6. september 2026kl. 10:00

Varigheit

4 t

Distanse

11.8 km

Høgdemeter

664 m

Får eg sjå sola?

Herøy i Møre og Romsdal (kommunen i Nordland med same namn kjem seinare) er fordelt på mange øyar, m.a. delar av Gurskøya, og turen gjekk til høgste toppen på denne øya. Sjølv om toppen av Sollia ikkje er så høg, er utsikta likevel vidstrekt; nær havet som vi er, er det ikkje så mange toppar som står i vegen. Turen er grei å gå, men med ein del høgdemeter og i delvis svært vått terreng. Men sola viste seg også, om enn i svært korte glimt. Vi gjekk elles ein halvrunding rundt Holmevatnet på returen, ei absolutt fin "strafferunde". Kommunar med nokså lite areal er regelen på kysten, så Herøy er nr. 321 på lista, men med eit folketal som gir ei klart høgare plassering. Med om lag 9.000 herøyværingar er kommunen mellom våre 125 største - så vidt. Dei mange øyane i kommunen der det bur folk, er knytte saman med bruer. Nokre av desse er i ferd med å måtte fornyast og til og med skiftast ut. Næringslivet er dominert av kysttypiske aktivitetar, og særleg er det mange større reiarlag som har base her. Det mest kjende av desse er kanskje Kystruten, som er den relativt nye "alternative hurtigruta". Turisme spelar også ei rolle, og den mest kjende øya i kommunen, Runde, er jo ein magnet på turistane. Fun fact: Kommunen har fostra opp ein Nobel-pris-vinnar; May-Britt Moser kjem frå Herøy. Og frå no i år (2026) har kommunen fått fram Møre og Romsdal sitt første handballag i toppdivisjonen for menn - Bergsøy IL.

Turbilete

Attraksjon