Gaustaråen
Tilbake
Hjartdal kommunevåpen

Hjartdal · Telemark

Gaustaråen

1612 moh.

Onsdag 15. juli 2026kl. 10:00

Varigheit

4 t 15 min

Distanse

8.8 km

Høgdemeter

486 m

Nostalgi

Turen gjekk til Gaustaråen, via toppen: Det høgaste punktet i Hjartdal ligg som ein liten topp sør-aust for høgste Gaustaråen, på grensa mot Tinn. Og på returen la eg vegen innom det høgastliggande badevatnet i Hjartdal (og i Telemark), på vel 1.500 m.o.h. Og det var høgt nok til at badetemperaturen var frisk, sjølv i den varmeperioden vi var inne i. Hjartdal ligg så godt som i hjartet av Telemark (utan at dette har noko med kommunenamnet å gjere); vest for Notodden og sør for Rjukan. Kommunen er middels stor etter areal (nr. 146), men hjartdølane har godt med tumleplass: Med om lag 1 600 innbyggjarar er kommunen rundt nr. 300 etter folketal. Kommunen er i stor grad prega av skog- og jordbruk, og det er når det gjeld det siste nostalgien kjem inn: Hjartdal er vertskap for ein årleg slåttefestival, der ljåslått og hesjing står i fokus. For ein som er oppvaksen med slikt, er det stas å vere trygg på at tradisjonen blir vidareført. Derimot har kommunevåpenet eit overraskande motiv for ein som i sjela si er vestlending: Hjorten, som hjartdølane har i våpenet sitt, har eg alltid sett på som eit typisk innslag i den vestnorske faunaen, men tydelegvis ikkje berre der. Faktisk var det fareskilt langs vegane både i Hjartdal og i kommunane rundt med særleg stor hjortefare. Fun fact: Eg går til det politiske liv i Hjartdal for å finne ein kuriositet: Krf har hatt varaordføraren i kommunen dei tre siste periodane, og i alle tre periodane som minste parti i kommunestyret, med berre to av 17 representantar! Dette viser vel litt av det spesielle med lokalpolitikken - personar betyr mykje, nasjonal partipolitikk nokså lite.

Turbilete

Attraksjon

Gaustaråen — Hjartdal | Mottoppen