Jonsknuten
Tilbake
Kongsberg kommunevåpen

Kongsberg · Buskerud

Jonsknuten

904 moh.

Søndag 9. august 2026kl. 09:00

Varigheit

1 t 10 min

Distanse

2.7 km

Høgdemeter

212 m

Søndagstur

Turen til Jonsknuten er forsåvidt enkel og grei, men der er nokre bratte parti, så turen er absolutt ikkje for alle. Håpet om klarvêr og dermed god utsikt frå toppen vart delvis innfridd, men sterk vind gjorde at det vart få pauser på turen. Kongsberg ligg i det sørvestre hjørnet av Buskerud, på grensa til Telemark og Vestfold. Kommunen er "delt i to" - Numedal frå sentrum og nordover og Lågendalen sørover frå sentrum. Kongsberg er nr. 144 etter areal, og rundt nr. 40 etter folketal, altså ein middels stor bykommune. Kongsberg si historie er uløyseleg knytt til sølvgruvene, som gjorde byen til den nest største i landet (etter Bergen) på 1700-talet. Med utgangspunkt i gruvene utvikla byen seg også til den første industribyen i landet. Og sjølv om gruvene for lengst har blitt museale, er byen framleis ein sentral industriby, særleg gjennom selskapa som ber Kongsberg-namnet. Og etter kvart er dette også blitt eit høgteknologi-miljø. Skiinteresserte finn også mykje å gle seg over med Kongsberg, særleg i hoppbakken med brørne Ruud rundt andre verdskrigen og Daniel-André Tande i nyare tid. Fun fact: I 1757 vart den første sivile høgskulen i landet etablert på Kongsberg (Bergseminaret). Og i våre dagar - den som vil spesialisere seg i optometri her i landet, har Kongsberg som einaste alternativ.

Turbilete

Attraksjon

Jonsknuten — Kongsberg | Mottoppen