
Varigheit
6 t 50 min
Distanse
17.4 km
Høgdemeter
699 m
Skulle tatt turen på ski?
Sveinsheii ligg sør-vest i kommunen, på grensa mot Fyresdal. Turen er nok ikkje mykje gått, men det er bra med sti og merking fram til Valevatnet. Deretter meir sporadisk merking eit stykke før siste del går på orientering. Men det er uansett nokså greitt å finne fram. Kviteseid er ein middels stor kommune etter areal, nr. 163. Men med berre knapt 2.500 kvitseidingar er kommunen mindre enn medianen etter folketal, rundt nr. 260. Men dialekten til desse 2.500 er verd å merkje seg for meg som nynorskmann - denne er av dei dialektane som ligg nærast opp til "høgnorsk", m.a. i tråd med Ivar Aasen sin nynorsk. For oss skiinteresserte vil Kviteseid alltid ha ein sentral plass; Morgedal, vogga til skisporten og heimstaden til Sondre Nordheim, ligg i Kviteseid. Og den olympiske elden har blitt tent her tre gonger - før vinter-OL i Oslo, Squaw Valley og på Lillehammer. Kanskje litt mindre kjent, der ski var viktig: Olav Bjaaland frå Kviteseid var ein av dei fem første til å nå Sydpolen. Kommunen har også rike tradisjonar i meir klassisk kultur, så som folkemusikk, kunst og handverk - ref. m.a. kommunevåpenet, som er eit låsskilt frå Tveiteloftet frå om lag 1350. Fun fact: Lokalpolitikken er interessant: Kristeleg Folkeparti står sterkt i kommunen og vart største parti her i valet i 2023 (rett nok berre 4 fleire røyster enn Arbeidarpartiet og 5 fleire enn Senterpartiet). Og Framstegspartiet stilte ikkje liste i det valet!
Turbilete
Attraksjon
