
Varigheit
1 t 55 min
Distanse
4.8 km
Høgdemeter
217 m
Heksetur
Ein nokså kort og grei rundtur lengst nord i kommunen fører oss til Gitvola (kartnamnet) eller Gjetholen (i daglegtale) på grensa mot Åmot. Turen går heile vegen i eit naturreservat og delvis gjennom urskog, så her såg eg meir på dei nære tinga enn på utsikta (som rett nok kan var fin frå tårnet på toppen (og tårnet var ikkje høgare enn at eg kunne nyte det)). Men om det var ein enkel tur, var vel likevel dette ein av dei som gjorde mest inntrykk - urskogen var sjeldant vakker, og eg fekk sett ein for meg ny type flyttblokk (sjå bilete). Elles har heksene i området visstnok treff her kvar torsdag, og i tillegg på ein del merkedagar, men dei glimra med sitt fråvêr denne dagen (men så var det då også ein måndag). Løten er ein litt under middels stor kommune, nr. 246, etter areal, men over middels etter folketal - knapt 8.000 løtensokningar gir ei plassering rundt 135. Men - få kommunar er like lange og smale som Løten. I så måte er nabokommunen i vest; Hamar, ein god kandidat. Jordbruket er, som for andre kommunar på Hedemarken, viktig for kommunen, som kanskje er mest kjent for ein "spin-off" frå jordbruket - Løiten Brænderi. Men her har ikkje vore slik produksjon sidan på 90-talet. Fun fact: Som ein nokså liten nabo til ein bykommune, har det vore diskusjon om å slå Løten saman med m.a. Hamar. Og som så ofte må politikarane spørje folket i så vanskelege spørsmål, og sjeldan blir det gitt så eintydige svar som i Løten i 1990: Folkerøystinga ga 97,4% nei til samanslåing, med eit frammøte på 72%.
Turbilete
Attraksjon
