
Varigheit
5 t 30 min
Distanse
12.5 km
Høgdemeter
780 m
Rådebank
Jøronnatten er ein av dei høgaste toppane på Lifjellplatået. Toppen ligg heilt vest i Midt-Telemark kommune, på grensa til Notodden og Seljord. Turen gjekk i varmt og flott vêr og i vakker og typisk telemarksk fjellandskap, med bratte bakkar, tronge dalar og rolege fjellvatn. Turen til topps sette absolutt beinmuskulaturen på prøve! Midt-Telemark er, som det nokså misvisande namnet tilseier (Nome kommune er også ein del av regionen Midt-Telemark), ein kommune som vart oppretta i 2020, ved å slå saman Bø og Sauherad. Dette var då ein del av den store prosessen der det vart innført fleire kommune- og fylkesnamn som var meir eller mindre historielause og misvisande (som Vestland fylke og Sunnfjord kommune). Men sjølv om kommunen er slått saman av to, er den ikkje ein ruvande koloss i den norske kommunefloraen - nr. 203 etter areal og rett bak nr. 100 etter folketal, med sine vel 11.000 "midt-telemarkingar". Kommunevåpenet, med tre feler, viser til kommunen sine rike tradisjonar innan folkemusikken; m.a. har både Myllarguten og Agnes Buen Garnås sett sine tydelege spor på dette området. Elles er kommunen prega av mykje jordbruk, kanskje spesielt frukt og bær, og kommunen husar ein av campusane til Universitetet i Sørøst-Norge. Fun fact: Kommunesenteret Bø kom i unormalt sterkt fokus for nokre år sidan, då handlinga i TV-serien "Rådebank" var lagt hit. Og eg konstaterte ved eigne øyrer at rånemiljøet framleis kan merkast i Bø sentrum!
Turbilete
Attraksjon
