Førheinutane øsø
Tilbake
Nissedal kommunevåpen

Nissedal · Telemark

Førheinutane øsø

1036 moh.

Laurdag 1. august 2026kl. 09:00

Varigheit

6 t 25 min

Distanse

13.9 km

Høgdemeter

627 m

Før Nuten

Høgaste punktet på Førheinutane ligg i nabokommunen i vest, Fyresdal, så målet er berre nesten til topps. Men der det ofte ikkje er noko klart merke å gå etter når det høgaste punktet ikkje er ein tydeleg topp, er det her ein tydeleg grensestein. Turen gjekk stort sett i "vill natur", altså utan sti, og delvis i krevjande vegetasjon og mykje i myrlende. Men med den tørre sommaren det har vore i Telemark, er det berre unntaksvis at myrene er våte. Nissedal ligg sør i Vest-Telemark, på grensa til Aust-Agder, og er arealmessig relativt stor, som nr. 130 av våre 357 kommunar. Men med om lag 1.500 nissedølar har kommunen berre om lag 50 kommunar bak seg på lista etter folketal. Tradisjonelt har dette vore ein jord- og skogbrukskommune, men etter kvart har kraftproduksjon og turisme blitt viktige innslag. Og litt samferdsel til slutt: Kommunesenteret Treungen hadde tog til Arendal fram til 1968. Fjoneferja må også nemnast - ei kabelferje som kryssar Nisser om lag på midten (sjå også bilete). Fun fact: Mange trur nok at første del av kommunenamnet har med nissar (som i fjøsnisse) å gjere - også kommunevåpenet tyder på det. Men her er det kanskje salmediktaren M. B. Landstad, som har leia oss på ville vegar, han støtta visstnok den tanken. Men kommunen har namn etter innsjøen Nisser, og det tyder "brusande sjø".

Turbilete

Attraksjon

Førheinutane øsø — Nissedal | Mottoppen