Knarren
Tilbake
Nome kommunevåpen

Nome · Telemark

Knarren

749 moh.

Fredag 17. juli 2026kl. 10:00

Varigheit

1 t 15 min

Distanse

2.7 km

Høgdemeter

138 m

Ein vanleg tur

Knarren er ein ås heilt vest i Nome kommune, og toppen er grensepunktet mot kommunane Drangedal og Kviteseid. Turen var kort og grei - første halvdel på ein tilnærma traktorveg og siste del på "frifot". Men åsen skil seg godt ut i terrenget med eit tydeleg toppunkt, så orienteringsjobben var såre enkel. Og også enkle / vanlege turar kan - som denne - vere svært fine. Sjølv om første del av turen gjekk i Beinbrotdalen, kom eg altså heilskinna gjennom :-) Nome kommune er ein del av regionen Midt-Telemark, men NB - altså ikkje del av Midt-Telemark kommune! Nome er nok først og fremst kjent for Telemarkskanalen, der dei aller fleste slusene er lokalisert, frå administrasjonssenteret Ulefoss til litt forbi Lunde (den andre tettstaden i kommunen). Men i nyare tid er kommunen hamna i fokus av andre grunnar, ved at store mengder sjeldne jordartar er påviste i Fensfeltet ved Ulefoss. No står striden om utbygging og eventuelt på kva vilkår. Men også i tidlegare tider var mineralfunn viktige for området, og spor av det finn ein enno, m.a. ved at den eldste industriverksemda i landet, Ulefos Jernværk grunnlagt i 1657, finst her i kommunen. Kommunen er elles ein mellomstor kommune - nr. 229 etter areal og rundt nr. 150 etter folketal, med sine om lag 6.500 innbyggjarar. Fun fact: To staselege "herregardar" finst ikkje så langt unna kvarandre i Nome, gardane Holla og Ulefos. Sistnemnde vart m.a. presentert i Toppen Bech sin TV-serie "Herskapelig".

Turbilete

Attraksjon

Knarren — Nome | Mottoppen