
Varigheit
4 t 25 min
Distanse
11 km
Høgdemeter
509 m
Langt og flatt (?)
Djuptjernkampen ligg lengst nord-aust i kommunen og er grensepunkt mot Gausdal og Nordre Land. Denne turen har eg gått før (for ein del år sidan), og turen stemmer med slik eg hugsar det: Turen er for det meste nokså slak, litt lang og går i eit godt turterreng. Og størstedelen av turen går i Langsua nasjonalpark - flott natur heile vegen. Fjellet kunne også by på flotte haustfargar, sjølv om det kanskje hadde vore enno betre litt tidlegare på året. Og med turfølgje blir det sjølvsagt ekstra hyggeleg, pluss at vi fekk ein god prat på toppen med eit par som hadde tatt turen frå Gausdal-sida. Turfolk er hyggelege!! Og vêret varierte mykje, frå tåke, til regn-/haglbyger og til flott sol og delvis blå himmel. Nord-Aurdal er litt større enn fleirtalet av norske kommunar, både rekna etter areal (nr. 128) og etter folketal med om lag 6.400 nord-aurdølar (litt under nr. 150). Kommunen er sentrum i Valdres, med Fagernes som den einaste byen i regionen. Kommunen ligg høgt over havet - om lag halvparten av arealet ligg over 900 m.o.h. Toppunktet ligg likevel ikkje høgare enn 1.325 meter - altså er kommunen nokså flat utanom dalføra. Kulturlivet står sterkt i kommunen, så sterkt at dei m.a. får i stand den årlege Valdres sommersymfoni. Det er imponerande at eit såpass lite miljø får til eit program på høgt internasjonalt nivå, med om lag 30 konsertar / arrangement kvart år. (Festivalen femner også dei fem andre Valdres-kommunane, men eg oppfattar Nord-Aurdal som sentral.) Fun fact: På ei litt sær liste kjem Nord-Aurdal høgt: Kommunen har heile åtte nabokommunar. Dette er ikkje norsk rekord, men så langt eg har gått til no, er det svært nær (Tinn i Telemark har ni).
Turbilete
Attraksjon
