
Varigheit
3 t 15 min
Distanse
9.8 km
Høgdemeter
598 m
Høgast i søraust
Turen til Spåtind står på programmet to gonger i prosjektet, toppen er nemleg det høgaste punktet i to kommunar, både i Etnedal og Nordre Land. Denne gongen var det altså Nordre Land som var i fokus. Eg er godt kjent i området i og med at vi dei siste 20 åra har hatt hytte på Etnedalssida av toppen, men ruta eg gjekk no er rett frå sør, ei rute eg ikkje har gått før. Bratt første og siste del, men elles svært greitt turterreng. Toppen er "den høgaste i sør-aust"; altså ingen høgare toppar før du reiser nord eller vest for Spåtind. Dette gir topp utsyn over det meste av Austlandet, også mot Jotunheimen og Rondane, ja, til og med til Snøhetta og Gaustatoppen. Men alt dette ligg så langt unna at det ikkje er så lett å få tatt gode foto av det. Men turen var flott, den, med sol og litt vind, og nok av varme der det var lunt. Nordre Land har, som naboen Søndre Land, vore mykje prega av skogbruk, noko som også viser seg i kommunevåpenet (to tømmerfløytarhakar). Kommunen er i areal litt større enn middels (nr. 122) og litt nærare middels etter folketal med om lag 6 500 nordrelendingar (om lag nr. 150). Rundt halvdelen av folket bur i og omkring kommunesenteret Dokka. Og for oss som er litt nerdar i idrettshistorie: Nordre Land har éin verdsmeister i skiskyting - Rune Brattsveen i stafett. Fun fact: Som den nostalgikar eg er, reknar eg Nordre Land med til regionen Vestoppland, men kommunen er i moderne tid også med i regionen "Stor-Oslo Nord"! Ingen tvil om at Stor-Oslo er stort :-)
Turbilete
Attraksjon
