Borgsjåbrotet
Tilbake
Nore og Uvdal kommunevåpen

Nore og Uvdal · Buskerud

Borgsjåbrotet

1484 moh.

Fredag 7. august 2026kl. 14:00

Varigheit

2 t 20 min

Distanse

7.7 km

Høgdemeter

355 m

I utkanten av Hardangervidda

Borgsjåbrotet ligg sør i Nore og Uvdal, på grensa til Tinn kommune, og heilt sør-aust på Hardangervidda. Turen er grei å gå; ikkje særleg lang og nokså slak skråing det meste av turen. Her er heile turen i flott høgfjellsterreng, med start på rundt 1.160 m.o.h. Ein flott tur, trass i litt vind, der prikken over i'en var ein svært hyggeleg prat med ein annan turgåar på toppen. Slike treff er jo ein av bonusane med prosjektet. Nore og Uvdal ligg øvst i Numedal og heilt vest i Buskerud. Store delar av kommunen er ein del av Hardangervidda. M.a. dette gjer at kommunen er den klart mest vidstrekte i Buskerud, den fjerde største på Austlandet og nr. 22 i heile landet. Arealet er m.a. større enn heile Vestfold fylke. Med om lag 2.500 fastbuande er kommunen nærare andre enden av lista etter folketal - rundt nr. 260. Dette gjer at kommunen er den tynnast folkesette i Buskerud. Kommunevåpenet reflekterer kommunen si historie som jord- og skogbruksområde - med eit stabbur og eit vasshjul. Fun fact: Nore og Uvdal har heile to stavkyrkjer å ta vare på, éi i Nore og éi i Uvdal, passande nok. Og tar vi med Rollag og Flesberg sørover i Numedal, har området fire av dei 28 attverande stavkyrkjene i landet.

Turbilete

Attraksjon

Borgsjåbrotet — Nore og Uvdal | Mottoppen