
Varigheit
4 t 55 min
Distanse
12.7 km
Høgdemeter
689 m
Villrein i sikte?
Toppunktet for turen ligg på Blefjellsplatået, men det høgaste punktet på platået ligg i nabokommunen Tinn. Men turen til Bledalsrinden (eller Tverrgrønut) var svært fin, her går ein jo i flott høgfjellsterreng heilt nordaust i Notodden, nær grensa til Tinn og Flesberg. Men ein må også ta seg i akt så ein ikkje uroar villreinen, ein utsett flokk bit seg enno fast i Blefjell. Dette vart ikkje relevant for oss - derimot passa vi oss for ein rypefamilie ute på leit etter mat, med mora som vakta godt på sine fire små. Notodden har ei rik industrihistorie, med Norsk Hydro sitt pioneranlegg for produksjon av kunstgjødsel som den mest kjente delen. Dette er no for det meste historie, men det har uansett sikra Notodden (saman med Rjukan) ein plass på UNESCO si verdsarvliste. Og sjølv om annan industri og handel har tatt over, er vel kommunen no mest kjent for sitt kulturelle spesiale; den årlege bluesfestival. Notodden er nr. 118 av kommunane våre etter areal, og med knapt 13 500 notoddingar er kommunen greitt inne mellom dei 100 største i kongeriket. Fun fact: Notodden har markert seg i sommar-OL; Aage Eriksen frå Snøgg tok sølv i bryting i 1948.
Turbilete
Attraksjon
