Espehaugen
Tilbake
Risør kommunevåpen

Risør · Agder

Espehaugen

244 moh.

Torsdag 9. juli 2026kl. 11:30

Varigheit

2 t 45 min

Distanse

4.8 km

Høgdemeter

184 m

Utsikt i tidlegare tider

Turen gjekk til Espehaugen, som med sine 244 moh. er det lavaste høgdepunktet så langt i prosjektet mitt. Toppen ligg nordvest i kommunen, nær grensa til både Gjerstad og Vegårshei. I tidlegare tider var det utsikt frå toppen, men gjengroing har endra dette. Likevel vart dette ein særleg fin tur: Det er uansett fint å gå tur, men på denne turen var eg så heldig å ha selskap av heile 11 andre, fleirtalet av dei er den komande svigerfamilien til dottera mi, familien Lundvall frå Moen i Risør. Godt humør heile vegen, på alle frå tre- og seks-åringen til oss i litt høgare alder. Og éin av dei (Arnold) er mannen bak idéen til prosjekttittelen min. Risør, den kvite byen ved Skagerrak, er ein av dei klassiske Sørlandsbyane, i utgangspunktet tufta på trelasthandel med Nederland. Men ein særleg stor by er det ikkje; med sine knappe 7.000 sjeler er kommunen berre så vidt innanfor dei 150 største i landet. Arealet er endå meir moderat - nr. 305 av dei 357 kommunane. Men kommunen er stor nok til å ha fostra ein av våre største fotballheltar - Erik Mykland kjem herifrå. Fun fact: Risør kan skilte med landets første Raudt-ordførar. I 2007 hadde Risør ei prøveordning med direkteval av ordførar, og Knut Henning Thygesen var personleg populær nok til å vinne det valet.

Turbilete

Attraksjon

Espehaugen — Risør | Mottoppen