Storegrønut
Tilbake
Rollag kommunevåpen

Rollag · Buskerud

Storegrønut

1289 moh.

Onsdag 29. juli 2026kl. 10:00

Varigheit

2 t 40 min

Distanse

8.1 km

Høgdemeter

303 m

Tur til kommunevåpenet

Turen til Storegrønut er, overraskande nok, ikkje omtala på ut.no, men peakbook-artikkelen gir eit nokonlunde oversyn over ruta. Størstedelen av turen er merka, men ikkje siste delen nord-austover til toppen. Her er det likevel ein godt oppgått sti, så det er lett å finne fram. Høgdepunktet ligg nordvest i denne Numedalskommunen, på grensa til Nore og Uvdal kommune. Og her er det til og med tilrettelagt med sofa - rett nok i stein - på toppen!! Om det er varden på denne toppen kommunevåpenet viser til, er eg usikker på, men våpenet viser i alle fall ein stilisert varde. Ture går elles i området der den historiske Nordmannsslepene går. Dette er gamle ferdselsvegar mellom Aust- og Vestlandet, og dei var m.a. svært viktige i Numedal i den tida Kongsberg og Bergen var dei to største byane i landet. Rollag er ein nokså liten kommune, til ein viss grad etter areal (nr. 224), og heilt klart etter folketal (om lag nr. 305 med knappe 1.500 røllingar). Men mange hytter gjer at det i periodar er mykje folk her likevel. Fun fact: Om du er tognostalgikar som meg, kan du her prøve dressin i heile 33 km - frå Veggli til Rødberg i Nore og Uvdal, på den nedlagte Numedalsbanen.

Turbilete

Attraksjon

Storegrønut — Rollag | Mottoppen