Vesle Skjellingshovde
Tilbake
Søndre Land kommunevåpen

Søndre Land · Innlandet

Vesle Skjellingshovde

860 moh.

Torsdag 25. juni 2026kl. 10:30

Varigheit

4 t 45 min

Distanse

13.9 km

Høgdemeter

532 m

Det vesle er høgast

Turen gjekk til Vesle Skjellingshovde, som er grensepunkt mellom tre kommunar, Nordre Land og Sør-Aurdal i tillegg til Søndre Land. Turen er relativt lett å gå første del, til litt etter toppen av Store Skjellingshovde. Men Vesle Skjellingshovde er ikkje noko vanleg turmål, så siste delen gjekk utan sti av noko slag, i delvis tett skog. Ergo ein nokså krevjande siste del. Men her var det fint turvêr og mengder av "skogens ro"! Søndre Land er i stor grad ein skogbrukskommune, også historisk, med mykje hogst av gran. Kommunen er delt i to av Randsfjorden, som er typisk for tidlegare tiders inndelingar, då båttransport ofte var enklare enn over land. Mange stader er dette no endra, men ikkje ved Randsfjorden, der også Gran er todelt på denne måten. Søndre Land er ein middels stor norsk kommune - nr. 152 etter areal og rundt nr. 170 med sine knappe 6 000 søndrelendingar. Fun fact for Søndre Land gjeld turen: Målet (og det høgaste punket i kommunen) er Vesle Skjellingshovde, men for å kome dit, gjekk eg over Store Skjellingshovde, som altså er 5 meter lågare enn Vesle Skjellingshovde!

Turbilete

Attraksjon

Vesle Skjellingshovde — Søndre Land | Mottoppen