
Varigheit
2 t 50 min
Distanse
6.3 km
Høgdemeter
431 m
Tur med litt krigshistorie
Turen gjekk til høgaste toppen i Totenåsen, Torsæterkampen, som ligg sentralt i den sørlege delen av kommunen. Dette vart ein fin rundtur med eit par avstikkarar, både til topp-punktet og til Hjemmefronthytta, det siste for å få litt historisk påfyll (og meir påfyll får du m.a. her: https://totenhistorielag.no/taelbuda-vare/hjemmefronthytta). Eg hadde stor flaks med vêret; det regna både rett før og etter turen, men ikkje undervegs. Turen har elles svært bratte parti, til å vere på den "flate" delen av Austlandet, og er ikkje ein heilt enkel tur, som eg påsto før turen. Men om du berre tar t/r den turen eg gjekk ned, blir det langt enklare. Østre Toten er ein arealmessig mellomstor norsk kommune; litt mindre enn medianen. Med knappe 15 000 østertotningar er kommunen av dei større etter folketal - rundt nr. 85. Kommunen er først og fremst kjent som ein jordbrukskommune, den nest største av slike i Innlandet. Og i forlenginga av det er det vel naturleg at Kims potetgull kjem herifrå og at kommunevåpenet er ein potetplante. Elles vart kommunen sett på kartet under vinter-OL i år - Sander Eitrem er østertotning. Fun Fact: Det har nyleg vore diskusjon om å slå saman kommunane Gjøvik, Østre og Vestre Toten, men prosessen stoppa etter ei folkerøysting. Men det spesielle i dette var at ein av pådrivarane for samanslåing var ordføraren i Østre Toten, og han representerer Senterpartiet! Kanskje er det knute på tråden i kommunikasjonen over Mjøsa (til partileiar Trygve)?
Turbilete
Attraksjon
