
Varigheit
4 t
Distanse
12.5 km
Høgdemeter
750 m
Utsikt i verdsklasse
Den tredje turen gjekk til Vardane på Tverrfjellet i Sula kommune, som er næraste nabo til det sentrale Ålesund i sør. Men det vart ikkje den utsikta ein oftast kan oppleve på denne turen, m.a. låg toppane i Sunnmørsalpane heie tida oppe i skyene. Korte glimt mot Ålesund vart det likevel, og også gode vyer i litt lågare lende. Turen min starta frå Mauseidvågen og gjekk stort sett rett vest til toppen. Turen var enkel og lett å gå, med grusveg første halvdelen og grei sti resten. Og på turen traff eg mange andre, og dei fleste hadde eit oppmuntrande smil og eit "hei" e.l. på lager. Sula er ein øykommune, sjølv om ein nok ofte ikkje opplever det slik, med eit smalt sund som skil kommunen frå Ålesund. Målt etter areal er Sula ei av dei minste kommunane våre, nr. 347 av 357. Men med om lag 10.000 fastbuande, er det etter sunnmørsk målestokk trangt om plassen, noko som også har samanheng med at mesteparten av kommunen er definert som ein del av tettstaden Ålesund. Fun fact: Sula vart eigen kommune i 1977, som ein litt treg reaksjon etter dei store samanslåingane midt på 60-talet. Så langt eg har oversikt, er Sula, saman med Hole frå Ringerike og nyleg Haram frå Ålesund, det einaste dømet på unntaket frå hovudtrenden dei siste 100 åra, unntak altså ved at relativt små kommunar blir skilde ut frå klassiske bykommunar.
Turbilete
Attraksjon
