
Varigheit
4 t 20 min
Distanse
7.5 km
Høgdemeter
714 m
Den største utsikta
Turmålet Gaustatoppen er kjent for dei fleste, med utsikt over "halve" Sør-Noreg, dvs. den vidaste land-utsikta i heile prosjektet mitt. Dette var også den første "fylkestoppen" eg var på, altså den høgaste toppen i eitt av våre 15 fylke. Her hadde eg vore før, så denne gongen prøvde eg meg på ei - for meg - ny rute, med start og mål der banen til toppen startar (men eg tok altså ikkje banen!) Ruta er kortare, men startar lavare i terrenget enn den vanlegaste ruta frå Stavsro, og altså er den også mykje brattare, men langt unna å krevje klatrekunnskapar. Turen gjekk i fint, varmt ver, men litt vind i høgda gjorde det ikkje for trykkande. Litt skuffande for meg var det at eg ikkje kjende meg kapabel til å ta meg heilt til topps - den siste biten frå tårnet til toppunktet måtte eg stå over (men ei lita trøyst er at eg har tatt den biten også, på ein tur for mange år sidan). Tinn er den nordlegaste kommunen i Telemark, og rommar m.a. store delar av Hardangervidda. I tillegg til Gaustatoppen er administrasjonssenteret Rjukan velkjent for dei fleste, både som industriby og av krigshistoriske grunnar, med Vemork som episenter for tungtvass-aksjonen. Den tidlege kraftutbygginga og industrialiseringa er også grunnlaget for Rjukan si rolle på UNESCO si verdsarvliste (saman med Notodden). Og Tinn har ein svært stor kraftproduksjon også i dag; kommunen leverer normalt rundt 3% av norsk vasskraftproduksjon (tredje største kommunen i landet). Tinn er stor også arealmessig - nr. 35 av kommunane i landet. Men med berre om lag 5 500 tinndølar er kommunen svært nær medianen etter folketal. Fun fact: Krossobanen, som går frå Vestfjorddalen og opp i fjellet nordvest for Rjukan, er den eldste taubanen i Nord-Europa. Den kom på plass i 1928, som ei gåve frå Norsk Hydro. Dette er eitt av fleire døme på (som også sjukehuset på Rjukan) at ein del norske verksemder hadde omtanke for arbeidsstokken sin, langt ut over det som var vanleg på den tida.
Turbilete
Attraksjon
