
Varigheit
2 t 10 min
Distanse
6.4 km
Høgdemeter
390 m
Det andre Tverrfjellet
Tverrfjellet i Trysil er det andre Tverrfjellet i prosjektet mitt, og dei to er ikkje åleine: yr.no har eit tjuetals treff på dette namnet. Men denne turen var unik; ein flott tur med både god utsikt og vakker natur. Turen var stort sett grei å gå, også på slutten sjølv om det der var ur (men av den nokså finkorna sorten). Toppen ligg på grensa mot Engerdal heilt nord i kommunen. Trysil er ein svært vidstrekt kommune - nr. 15 i landet, tredje størst på Austlandet og nest størst i Innlandet. Med om lag 6.500 tryslingar er kommunen nokså medium etter folketal - rundt nr. 150. Men om det ikkje er altfor mange "ekte" tryslingar, er folketalet ofte svært mykje høgare, for dette er den nest største hyttekommunen i landet, med om lag like mange hytter som det er tryslingar i kommunen. Det gjer at dei tradisjonelt viktige næringane (jord- og skogbruk) kjem meir i bakgrunnen, men særleg skogbruket er framleis viktig. Fun fact: Som kommunevåpenet indikerer, er skisport viktig i kommunen, både i dag, med det største alpinanlegget i landet, og historisk: Trysilgutten IL, stifta i 1861, er den eldste skiklubben i verda. Denne klubben har også fostra mange meistrar, så som Elling Rønes og Anita Moen i langrennssporet og Halvor Næs og Johan Sætre i hoppbakken.
Turbilete
Attraksjon
