
Varigheit
1 t 15 min
Distanse
3.9 km
Høgdemeter
151 m
Kort, men kratt
Ansmyrheia ligg vest i kommunen, nær Froland. Eg merka fort at det ikkje er så vanleg å gå tur hit, det var ingen stiar å finne (stort sett) og til dels tett vegetasjon. Eg starta frå Vålandstjern, og målet var å gå rett austover mot toppen. Dette gjekk så nokonlunde greitt, og etter små omvegar fann eg toppen. På returen vart det litt betre, og halvvegs kom eg inn på ein skogsbilveg (der berre første delen var på kartet), som rett nok var ein omveg nordover, men som utan tvil var enklare. Ulikt mange av dei andre Sørlandsbyane, som vart store først og fremst p.g.a. trelasthandel, er Tvedestrand si historie nært knytta til Næs Jernverk. Verket er nedlagt, men eit svært interessant museum er etablert der no. Tvedestrand er i dag ein arealmessig liten kommune, nr. 299, men middels etter folketal, med om lag 6 500 fastbuande. Likevel har Tvedestrand, som éin av få byar i landet, mista bystatusen sin, men kan skryte av kallenamnet "Smileholet". Og litt kulturhistorie: Grunnleggaren av Tvedestrandsposten var Arne Garborg, som etablerte avisa i ein alder av 21 år. Fun fact: Her finn vi visstnok det smalaste huset i landet - "Strykejernet". I tillegg til at huset er smalt, er det også spesielt ved at det har inngang frå gateplan både til første, andre og tredje høgda!
Turbilete
Attraksjon
