Blåtinden
Tilbake
Ulstein kommunevåpen

Ulstein · Møre og Romsdal

Blåtinden

697 moh.

Laurdag 5. september 2026kl. 10:00

Varigheit

5 t 10 min

Distanse

11.3 km

Høgdemeter

580 m

Blåtur

Ein uvanleg kjekk tur der eg fekk med meg to lokalkjende (Åse Dimmen og Stig Grimstad), difor vart også ruta litt annleis enn den infoen eg finn på nettet: Start frå Fjellsvegen, via Kvamstua og Kongsvollen (høgst i nabokommunen Hareid, men offisiell tur hit kjem seinare) til Blåtinden, som altså er høgst i Ulstein, med nedtur til Eiksund. Dette vart dermed ein av få turar med negative netto høgdemeter, men det var absolutt ingen lett tur likevel. Men med godt turselskap takla vi også greitt at vi vart møtt av lavt skydekke på og rundt toppen. Eg er no på kysten igjen, og då er kommunane gjennomgåande små målt etter areal - Ulstein er nr. 331 av våre 357 kommunar. Men etter folketal er Ulstein større enn medianen - om lag nr. 125 med knappe 9.000 innbyggjarar. Ulstein består elles i hovudsak av den vestlege delen av øya Hareidlandet. Næringsmessig har kommunen uvanleg mange sysselsett i det private, med maritime næringar som dominerande. Ulstein-gruppa har vel vore, og er, den største motoren i denne samanheng. Og på den andre sida - Ulstein har færrast sysselsette i primærnæringane i Møre og Romsdal, med berre om lag 1%. Fun fact: For ein idrettsinteressert sunnmøring, har Ulstein kommune ein framifrå posisjon: Historisk, og til dels i dag, gjennom fotballaget Hødd (m.a. Noregsmeistrar i 2012), eit lag som i lange tider har konkurrert mange nivå høgare enn det folketalet skulle tilseie. Og i dei siste ti åra kjem eg sjølvsagt ikkje utanom Karsten Warholm. Han representerer Dimna IL, som også har fleire andre utøvarar som hevdar seg på nasjonalt nivå.

Turbilete

Attraksjon

Blåtinden — Ulstein | Mottoppen