Hovdefjell
Tilbake
Vegårshei kommunevåpen

Vegårshei · Agder

Hovdefjell

525 moh.

Fredag 10. juli 2026kl. 11:00

Varigheit

2 t 30 min

Distanse

5.3 km

Høgdemeter

291 m

Landemerke for sjøfarande

Hovdefjell, heilt vest i Vegårshei, nær Åmli, var målet. Frå nordsida kan ein gå på veg heilt til topps, men vi tok turen nokså rett frå sør; ein grei tur, men litt bratt på slutten, og stien vi tok opp (litt mot vest frå hovudstien) var ikkje merka og nokså attgrodd, så her vart det litt baksing. Returen var derimot heilt prima merka, og til og med sikra med kjetting i utsette strok. I moderne tider - frå midt på 50-talet - har ei uvanleg høg mast på 253 meter dominert her, men toppen var også så synleg frå Skagerrak at sjøfarande brukte toppen som eit sjømerke langt attende i tid. Vegårshei er ein liten kommune, med om lag 2 300 vegårsheiingar er det berre bortimot hundre norske kommunar som er mindre. Arealet plasserer kommunen som nr. 249. Som kommunevåpenet indikerer, har Vegårshei vore prega av pelsdyrdrift, men denne er sjølvsagt borte no. Men kommunen var ein periode vel så kjent for eit anna pelsdyr - den såkalla Vegårsheiulven var landskjendis på første helvdel av 80-talet. Fun fact: Vegårshei er ein av kommunane i landet med den minste delen av folket registrert i Den norske kyrkja. Men det er ikkje fordi færre er kristne her enn i resten av landet, kanskje tvert imot: Det er p.g.a. at eit kyrkjesamfunn som oppstod etter ei kristen vekking på 1880-talet, Guds menighet, framleis står sterkt her.

Turbilete

Attraksjon

Hovdefjell — Vegårshei | Mottoppen