Lauvhøgda
Tilbake
Vestre Toten kommunevåpen

Vestre Toten · Innlandet

Lauvhøgda

722 moh.

Onsdag 24. juni 2026kl. 11:00

Varigheit

1 t 45 min

Distanse

4.3 km

Høgdemeter

215 m

Tårntur

Turen til Lauvhøgda er svært lett å gå (kan også gjerast pr. sykkel, eller til og med med bil, men det er sjølvsagt ikkje aktuelt). Men delar av turen kan også gjerast på ein grei sti, om ein ønskjer meir kontakt med naturen. Og ved den finn ein også ein fin rasteplass i ein gapahuk med bålpanne som ekstrautstyr. Toppen i Vestre Toten ligg vest i kommunen, nær grensa til Søndre Land. Med tårn på toppen er utsikta her vel verd ein lett tur. Vestre Toten er ein nokså liten kommune etter areal - nr. 288 av våre 357 kommunar. Men her er såpass mange innbyggjarar (knapt 14 000) at kommunen er rundt nr. 90 målt etter folketal. Kommunen er vel først og fremst kjent for produksjon av ammunisjon og bildelar, i tillegg til fotball for oss som er interesserte i det. Laget frå kommunesenteret Raufoss har jo i lange periodar overprestert ut frå folketal m.m. Og i dei seinare år har ein vestertotning markert seg på ein flott måte i idretts-Noreg: Maren Lundby kjem frå denne kommunen. Fun fact: Vestertotningane bur nokså tett, etter innlandske mål. Faktisk er det berre bykommunane Hamar og Lillehammer som har fleire pr. kvadratkilometer i Innlandet fylke. M.a. ligg nabobyen (-kommunen) Gjøvik eit lite stykke bak Vestre Toten.

Turbilete

Attraksjon

Lauvhøgda — Vestre Toten | Mottoppen